Det har vore sagt at Hans har gripe inn og sørga for sol på Kleivakvelden.

Når han ikkje gjorde det fredag kveld, kan det vere i eit ønske om at artistar frå Bergen og Shetland skulle kjenne seg meir heime.

I alle fall meinte Catriona McDonald at det har vore litt for varmt og klamt tidlegare på dagen, og at ho kjende seg atskilleg meir heime etter at regnet begynte. Og ho rosa publikum for at dei var tøffe som heldt ut.

Men det var Henning og John Pål som opna showet på kjend vis med musikalske ablegøyer.

Det var likevel ein litt spesiell kveld, sidan det var første kvelden utan både Kleivakongen og Alf Ramsøy til stades.

Alf var glad i "E slåttatæja", og det var utruleg vemodig å høyre dei framføre den denne kvelden.

Fiolinisten frå Shetland fekk med seg publikum både med sceneutstråling og virtuost fiolinspel, og det er lett å forstå kvifor ho er den leiande artisten i sin sjanger på sine heimlege øyer.

Det svinga godt både når ho spelte åleine og saman med Henning og John Pål.

Frå Henning og John Pål fekk vi både musikalsk improvisasjon og sjølvsagt rappkjefta dikt i ekte John Pål-stil. Sidan han har ført fram eit av sine dikt for kongeparet er vel hans diktning etter kvart å rekne som høgverdig kultur.

Henning og John Pål presenterte neste gjest med å spele det dei meiner er den finaste Jan Eggum låten, og John Pål gjekk ned til inngangen til Kleiva og spela Eggum forbi publikum og inn på scena.

Og hovudtrekkplasteret skuffa ikkje sitt publikum. Her fekk vi den eina musikalske perla etter den andre - noko svært kjend stoff, andre frå hans nyaste album. Eggum fleipa med sin hang til melankoli og meinte han hadde mislykkast om folk prata seg i mellom etterpå at dei tykte det hadde vore "gøy" på Kleiva.

Vi fekk ein ganske lang Eggum-konsert og regnet heldt fram - medan publikum heldt ut - dei fleste då. Ikkje alle hadde kledd seg for slikt vêr, og då kunne det bli litt i hustrigaste laget.

Avslutninga på Kleivakvelden? - det var sjølvsagt Henning og publikum i allsong med Vårsøg.

Det var etter sigande siste Kleivakvelden på den gamle scena. No knyter det seg stor spenning til ny scene med både utføring og plassering.