– Vi har gått gjennom rutinane og følgjer dei anmodningane vi får, fortel ordføraren.

Politiet i Nordmøre og Romsdal oppfordrar folk til å leve som normalt, og å delta på aktivitetar som dei har planlagt.

–Tryggleikskjensla er ein privat sak. Sjølv kjenner eg meg verken tryggare eller reddare enn vanleg. Eg trur ikkje folk i Sunndal er så nervøse for åtak her, og vil oppfordre folk til å ikkje verte for nervøse, fortel ein ferierande ordførar.

–I Sunndal har Hydro sin eigen beredskapsplan. Alle Hydro sine bedrifter har fått beskjed om å få gjennom beredskapsplanane sine. For kommunen sin del held vi mellom anna eit auge med asylsøkjarmottaket, fortel Refstie.

Politiet i Nordmøre og Romsdal oppfordrar folk til å vere forsiktige med kva dei legg ut på til dømes sosiale media.

– Politiet oppfordrar folk til ikkje å spreie unødig frykt, verken i form av handlingar eller på nettet. Det som normalt oppfattast som en spøk, kan vere en dårleg spøk i dagens situasjon. Vi tenker da på handlingar eller utsegn som kan virke skremmande på folk, skriv Janne Marte Viddal, kommunikasjonsrådgjevar i Nordmøre og Romsdal Politidistrikt, i ei pressemelding.