Når fiskekonkurransen under Norsk Laksefestival kastast i gong i kveld er det sjanse for storfangst, både når det gjeld sølv og mynt. Fiskaren av det tyngste elvasølvet over fem kilo vert krona laksekonge eller -dronning, og får i tillegg ein sjekk på 30 000 kroner.

I fjor var vinnarlaksen for liten, surnalegenden Ingebrigt Grimsmo fekk på land ein rugg på 3,4 kilo, og vann 20 000 kroner. Men noko kroning vart det ikkje.

Surnadals siste laksekonge var Bjørn Brekstad i 2013.

Bjørnar Mogstad, leiar i komiteen for fiskekonkurransen, fortel at det er gode sjanser for storfangst i kveld.

-Det er ikkje til å stikke under ein stol at fisket har vore dårleg i Surna i år, men dei to siste døgna har det løsna litt. Det er meldt høgare temperaturar, og med temperaturen kjem fisken, så det vert gode sjansar for fangst, fortel han.

Det er slett ikkje for seint å kaste hatten din inn i ringen, påmeldinga er open til klokka 20 i kveld. Mogstad håpar på god oppslutning.

-I fjor hadde vi berre rundt 80 påmeldte, dette var nok på gunn av tidspunkt og dårleg vêr, men vi har også har deltakartal opp mot 300 eit år. I år vert vi fornøgde om mellom 100 og 150 deltek, seier han.