Sjøl om vi visste at han var alvorleg sjuk, er det vanskeleg å innsjå at Kolbjørn Botten ikkje er blant oss lenger.

Kameraten og kulturhøvdingen etterlet seg eit stort rom. Der er saknet smertefullt – aller mest for Norveig og dei næraste, men også for oss andre som fekk oppleve hans rikdom som person, musikar og kulturmenneske.

Ruvande arvegods

Likevel: Noko kulturelt «tomrom» etterlet han seg ikkje! Musikken hans, visekunsten, kabaretbidraga, kultursamlingane og hans bevarte lokalhistorie er eit ruvande arvegods som ettertida vil eiga og glede seg over.

Over alt skapte han engasjement og fellesskap. Kolbjørn var ein samlande kulturprofil for heile Nordmøre. Mange har allereie, med rette, framheva ulike sider av hans energiske livsverk: Visene, platene, Fosskonsertane, revyinnsatsen («Månin dre») og historiearbeidet – eit stort privat museum, geitbåttradisjonen og dokumentasjonen av både folkemusikk, tradisjon og industri. Fotosamlinga «Valsøyfjordbilder» er ei bok av stor lokalhistorisk verdi. Vel fortent fekk han Kongens sølv i 2010.

Personleg vennskap

Eg føyer gjerne til personlege inntrykk av felles opplevingar med den jordnære vennen og den ruvande kulturhøvdingen Kolbjørn Botten.

Vi vaks begge opp med fjord og båt. Fedrane våre var sjøfolk og fraktemenn. Å få styre sandskuta var like mykje barndomen vår som leiken på land. Så vart vi lærarar og fekk sans for tonane. Eg vart kjent med Kolbjørn under vidareutdanning i musikk ved Høgskulen på Hamar i 1970. Vi lærte om korarbeid, skaping og formidling av tonekunst og tok det med oss heim – på kvar vår måte.

Talent og tradisjon

Som den alltid kreative utfalda Kolbjørn straks sitt mangfaldige talent. Han samla store visegrupper rundt seg og laga tallause melodiar. Tidleg hadde han dansebandet «Blizzard», seinare kom andre orkester. I fleire år dirigerte han Valsøyfjord Songlag.

Som bevisst tradisjonsbevarar arbeidde han også for folketonekunsten. Saman med organist Rolf Nyhus hadde han på 80-talet turnear med nordmørstonar nedtegna av Kristian Halse og gav på den måten nytt liv til Halse sitt verk. (Fint at dette nettopp i år får ein ny renessanse!)

Kolbjørn Botten var «Fosskonsertens far». Bildet vart teke under konserten i 2011. Foto: Magne Lillegård

Spegla lokale historier

Med gruppa «Skuggsjå» laga han to plateinnspelingar først på 1980-talet. Det gammelnorske namnet (som betyr «spegel») røpa Kolbjørn sin sans for lokal kultur og historie. Her tonesette han (og gjenspegla) bygdehendingar som Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold, Anders Sæther og andre hadde skrive på vers.

Attåt Kolbjørn (gitar og vokal) var det trekkspel, bass og andre instrument med. Sjøl fekk eg bidra med tussefløyte-tonar til «Folldalshuldra» og andre viser. Gode minne!

Både alvor («Dauingtjønna», «Finnguten») og lausslept humor prega dikta og dermed Kolbjørn sine viser. Uforliknelege er dei sanne, om enn litt overdrivne, tolkingane av «Olaf og spikar’n» og «Olaf og møkkja». Her utfalda Jørgen og Kolbjørn eit uslåelege samarbeid!

Klassisk bassolist

Somme glømmer kanskje Kolbjørn Botten som klassisk bassolist. Etter timar hos legendariske Helge Birkeland fylte han eit lokalt behov for ein slik stemme - også som tolkar av spirituals. (Mitt opptak av hans «Ol’ Man River» er eit storarta bevis.) Da surnadalskantor Gunnar Vik tidleg på 1970-talet starta Indre Nordmøre Symfoniorkester, opna det for ein ny lokal æra - særleg i klassisk kyrkjemusikk.

«Juleoratoriet» og «Messias»

Det starta med kantaten «Eders hele Værk» av dansk-tyske Buxtehude i 1974-1975. Koret Tordenskjold Songlag, orkesteret og lokale solistar heldt fram med utdrag frå Bachs «Juleoratorium», Schuberts «Messe i G» og andre verk utover 1970-talet.

I alt dette var Kolbjørn Botten den sjølskrivne bassolist. Med Nordmørskoret, Kristiansund Symfoniorkester og dirigent Peder Rensvik song han også Bachs «Magnificat» i 1983. Han og andre nordmøringar i Birkeland-gruppa hadde elles operaperler på repertoaret.

«Trompetarien» - om det umistelege

Gjennom det europeiske Musikkåret 1985 fekk eg gleda av å musisere saman med Kolbjørn i bl.a. Handels «Messias». Med glede og vemod lyttar eg no til opptaka av hans malmfulle stemme. «Trompetarien» frå Messias - over Bibelens håp om evig liv - talar unekteleg på ein særleg måte ved gjenhør akkurat no. Mannen er borte. Stemmen har tagna. Men minna om noko umisteleg lever! Takk for det du var og for det du gav oss, Kolbjørn!