På senteret kombinerer sunndalingane og tilreisande shopping med kaffe og prat. – Eg treff alltid kjentfolk her, fortel den pensjonerte læraren Astrid Singstad.

Midt på fyrste etasje, under glastaket, finn ein den sosiale kvardagsmøteplassen på Sunndalsøra. det er mange som sett seg ned her ei stund og tek ein kopp kaffe, slår av ein prat, treff kjente fjes.

– Møteplassen på senteret er utruleg viktig sosialt. No som eg har vorte einsleg er det så fint å kunne kom hit. Eg treff alltid nokon eg kjenner, og dagen vert liksom redda, fortel Astrid Singstad.

Astrid sitt i lag med Ingrid Bollingmo. Dei har kjent kvarandre lenge.

– Ja, fyrst gjekk vi på lærarskulen i lag og så arbeidde vi som lærarar på same skule i ein 40–50 år, fortel Ingrid. Dei to, som har vore pensjonistar i rundt ti år, finn på mykje i lag.

– Ein kan seie det slik at vi har syklubb utan å sy. Eller, Astrid strikkar no litt, ler Ingrid.

Ingrid og Astrid utgjer to av tre medlemmar i ein heilt spesiell reiseklubb.

– Vi er ein gjeng som har reist i lag i mange, mange år no. Om sommaren kvart år dreg vi ein plass i Europa. Det var fleire med før, men nokon har flytta og andre har gått bort, fortel Ingrid. Ingrid fortel at ho og mannen har store reiseplanar i sommar. – Om litt skal eg til Stockholm og seinare dreg vi til Madeira, fortel ho.

Ingrid og Astrid har arbeidd som lærarar i lag heile deira yrkesaktive liv, og fortel at dei kjenner mange på Øra. Dei bur begge på Sande.

– Når det er fint vêr syklar vi gjerne hit til senteret, det er fint at det er sykkelavstand, fortel Astrid.

Når Astrid og Ingrid treffast pratar dei om laust og fast.

– Vi pratar om alt og ingenting. Praten går kring gamle dagar og vi oppdaterer kvarandre på kva som er nytt i livet vårt, korleis barn og barnebarn har det. I dag har vi til dømes prata om at Astrid ha kjøpt seg ein ny bil. Den var vi ute og prøvekøyrde i stad, fortel Ingrid.

Mange på Sunndalsøra kjenner nok igjen Astrid og Ingrid, og mange har nok hatt dei som lærarar.

– Det er ofte vi treff gamle elevar. Det er ikkje alltid så lett å kjenne igjen elevane ein kjente som born. Dei har jo vorte vaksne! eg plar sjå på smilet og gnisten i auga, då kjenner eg igjen dei, fortel Ingrid.

Dei to spreke damene er mykje i lag.

–Ja, som oftast treffast vi heime hos kvarandre eller på selskap hos nokon kjente. Også treffast vi her på senteret eit par gonger i veka, fortel Ingrid.

Møteplassen på senteret er viktig for mange.

– Det er kjempeviktig å ha ein plass som det her, der ein treff folk i kvardagen, seier Astrid.

På nabobordet sitt Rune Birkestøl og Per Egil Reiten. Dei tek ein kopp kaffe og snakkar om prosjekt.

– Ja, det vert mange byggeprosjekt. Vi har begge hyttar og så driv vi på ein del heime, fortel Per Egil. Dei har begge ferie no, Per Egil har vore ein tur i Legoland og Rune har vore i Spania i to veker. Til dagleg jobbar dei skiftarbeide.

– Eg jobbar på plattform, så da har eg ofte fire veker fri. Det er fleire her på Øra som jobbar slik, og det er triveleg å ha ein plass å møtast der ein kan ta ein kaffe og slå av ein prat. Det er eit godt miljø her, seier Per Egil.

–Eg har ofte fri på dagtid, så da passar det godt å ta ein tur hit, fortel Rune.

Møteplassane er mange her i distriktet, frå kafear til kjøpesenter til grendahus. Treffpunkta er det som held ei bygd saman, kor vêret vert diskutert og verdsproblem løyst.

Rune og Per Egil skryt av Sunndalsøra som heimplass.

–Med den jobben eg har kunne eg eigentleg budd kvar som helst, men Sunndalsøra er ein flott stad å bu. For ungane er det fantastiske moglegheiter for å spele fotball, dei kan sykle overalt og kulturskulen har utruleg mange gode tilbod, seier Per Egil.

–Ja, betre plass å vekse opp skal ein leite lenge etter, seier Rune.

Og pratar ein om sola så skin ho, ungane til Per Egil kjem spurtande til møteplassen. dei har vore og kikka i senteret med mor og besteforeldre. No står pizza på menyen, men det er ikkje kva som helst for pizza.

–Vi skal ete johansenpizza, frå kafeen her. Den er kjempegod! seier Gina Hermo Reiten. Søstera Pernille fortel at ho ikkje er så glad i pizza, og kjem til å stå over denne gong. Søskenbarnet til Gina og Pernille, Eli Hermo Kennedy, er på besøk frå Austlandet. Ho tykker det er artig å vere i Sunndal på ferie.

–Eg har vore her hos bestemor og bestefar mange gonger før. I går var vi på besøk på hytta i Ålvundfjord, seier ho.

Hytta i Ålvundfjord er Per Egil og familiens fristad.

–Eg tykker det er flott på Øra, men det kan verte litt trykkande med dei høge fjella av og til. Då er det greitt å kunne kome seg ut til det meir opne landskapet i Ålvundfjord, plassen er vårt paradis på jord, fortel han.