–Vi har oppi eddik i eit glas, så litt såpe, konditorfarge og til slutt natron, forklarar deltakar Gina Reiten. Eksperimentet resulterer i ein fargerik vulkan i klasserommet på Sunndal ungdomsskule. Denne veka har heile 51 born, fordelt over to klassar, prøvd ut realfag i praksis. Forskerfabrikkens sommarskule arrangerast for tredje gong i Sunndal.

–I fjor var det fort heilt fullt på kurset, og mange stod på venteliste, så i år har vi to klassar. Ungane lærar om realfag og får prøve ut mykje i praksis. Temaet for sommarskulen i år er geologi, fortel Eirin Polden. Saman med Nils Petter Storset, Petter Moxnes og Siv Beate Sæther er ho kursleiar på sommarskulen.

Målet med sommarskulen er å motivere born og unge til å satse på real- og teknologifag. Forskerfabrikken arrangerer i løpet av sommaren heile 180 sommarskular, og mellom 17 –18000 born i Noreg deltek.

Borna er i mildt sagt kompetente hender. Kursleiarar Eirin og Siv Beate er utdanna lærarar, og Petter Storset held på å avslutte lektorutdanninga si. Petter Moxnes går på realfagslinja ved Sunndal VGS.

–Det er fråfall frå realfaglinjene i landet, og noko av målet med sommarskulen er at ungane skal oppdage at realfag er artig, seier Siv Beate.

–Ja, og i tillegg vil vi at born kan tenke på realfag som ein fritidsaktivitet på linje med andre fritidsaktivitetar, seier Eirin.

Born frå heile Sunndal, og nokre born frå bygder litt lengre bort, deltek på Forskerfabrikkens sommarskule. Steminga er enno meir eksplosiv enn vulkanen på klasserommet. Born spring rundt og leitar etter spanande steinar, utforskar ekkelt slim og studerer krystallar. Dei har lært mykje på sommarskulen, noko av det meir nyttig enn anna.

–Noko av det vi har lært er at ei bleie kan tåle opp til to liter veske! Det kan vere godt å vite for dykk som har små barn. Og vi har lært om eit mislykka eksperiment då dei skulle finne opp tyggis, som ende med at dei fann opp eit litt ekkelt slim som kan skifte farge, fortel Gina.

Meir om Forskerfabrikkens sommarskule i Sunndal i Driva fredag!