I dag skin sola, og sommarkjensla er her for fullt. Sjølv om temperaturen på land er bra i dag, er ikkje temperaturen i vantet heilt på topp enno. På Svisholmen i Stangvik var det nokre ungar som drista seg uti lell.

Brørne Elias (4) og Patrick (10) Vongraven var på Svisholmen i lag med syskenbornet Ola Rimul Ranseth (8) i dag, dei kunne fortelje at det var kaldt i fjorden.

-Ja, vi bada ikkje, men hadde ein vassekonkurranse. Eg sto i vatnet i ein heil halvtime! fortel Patrick.

Ola, Elias og Patrick var på hyttebesøk hos besteforeldra i Stangvik.

Mamma til Elias og Patrick, May Ingstad, og bonuspappa Olav Rimul var også med på stranda. Dei kunne fortelje om ein bra soldag.

-Ja, vi har kosa oss med frukt og mat og kaffe, fortel Olav.

Nokre jenter var enno tøffare enn gutane, og koste seg uti vatnet i finvêret, medan andre levde det gode strandliv og sola seg på den flotte stranda.

Dagen i dag - den kan bli vår beste dag

Ingenting varar evig, og for å sitere Erik Bye: dagen i dag - den kan bli vår beste dag. I morgon er det meldt nordmørssommar igjen, med gråvêr og temperaturar rundt 15 gradar i heile distriktet. Det ser lysare ut att på tirsdag og torsadg, då vert det solgløtt og temperarurane kan bikke 20 grader. Solgløtt vert det også på fredag, men då vert det noko kaldare. Laurdag, derimot, kan verte ein etter forhalda bra dag, også då kan gradestokken bikke 20 gradar. Ellers ser neste veke ganske grå ut, så kom deg ut no i dag!