Klokka 11.51 i dag fekk politiet eit tips om at ein buss hadde køyrt seg fast i ein sving like ovanfor fossen i Trollstigen. Trafikken står, ingen kjem forbi bussen. Køa er lang og vert lengre både bakfor og framfor bussen.

Vegtrafikksentralen har no sendt ein bil for å forsøke å lose bussen trygt ned. Det er enno ikkje sikkert korleis bussen står, om den heng over kanten, om sjåføren tør å køyre eller om det er forsvarleg å køyre. NRK meldte fyrst om saka.

Bussen står fast. Klokka 13.30 kom meldinga om at ein kranbil er på veg for å hjelpe bussen laus. Det vert troleg ein del skadar på bussen.

Saka oppdaterast.