Kvar einaste ferie kjem Håkon og Eva att til det fantastiske bruket Dalahaugen, som har vore i Håkons slekt i generasjonar.

Dalahaugen på Kårvatn var lenge husmannsplass tilknytt Kårvatn gard. Plassen vart oppført i 1852, og det var husmenn på garden i hundre år.

–Bestefar min var husmann på bruket til 1952, og far min vart fødd her, fortel Håkon. I sommar, som kvar sommar, vitjar Håkon og Eva Dalahaugen.

–Vi kjem hit kvar ein sommar, jul og påske, vi er her i så å seie alle feriane, fortel Eva.

Til dagleg bur Håkon og Eva i Drøbak. No for tida har dei besøk av slekt, Gitte Olsen og Marius Høyen Gjerde er på besøk med borna sine, Annabel og Kirsten Cecilie Olsen Gjerde. Dei bur til dagleg i Ålesund.

Annabel og Kirsten tykker det er artig å vere på besøk hos bestemor og bestefar.

–Eg tykker det er artig å fiske. I fjor fekk eg ein stor, liten aure ved fossen, fortel 8 år gamle Kirsten. Ho ha med fiskestong i år også, og vonar det vert storfangst att, denne gong i den vesle elva nedanfor bruket. Bestefar fortel at det var dårleg fiske der i fjor.

–Ja, i fjor vart den vesle elva her faktisk tørrlagt! men det er godt med vatn i ho no, så tru om det vert fangst, seier Håkon.

Meir om Dalahaugen og Håkon, Eva, Marius, Gitte, Annabel og Kirsten i Driva onsdag!