Bjarte Rindal har spela fotball sia han var liten gut, og han har vore involvert i sporten på seniornivå både som spelar og trenar dei siste 30 åra, 27 av dei for Rindal IL.

Ildsjela fekk overrekt prisen av Lars Olav Lund i Rindal Idrettsråd under Bøgdakvelden i Rindal i kveld. Ein fornøgd prisvinnar takka borna for fotballgleda.

- Idrettsgleda ungane visar gir meg utruleg mykje motivasjon, fortel Rindal.

Bjarte har trena born på så og seie alle nivå og aldre, og har trygt fortent tittelen "legende".

Prisen er eit diplom og ein sjekk på 5000 kroner. Men det vert ikkje noko ferietur på prisvinnaren. Sjekken heldt han i nokre få minutt.

-Ja, eg vil gje sjekken til Rindalhallen, sa legenda

Det vart ellers ein framdragende Bøgdakveld, som vart arrangert for 28. året. Rundt 220 møtte opp, noko som tilsvarte ein nærast fullsett idrettshall. Det var mange høgdepunkt, eitt av dei var Gøran Bolme som ein strålande konferansier, trubadur og komiker. Eit anna høgdepunkt var Ivar Bakk, som fortalde om livet i Rindal under kigen. Rindal vhar mykje å by på ikkje minst når det kjem til unge talent. Under Bøgdakvelden fekk vi høyre song og fiolinspeling frå bygdas neste superstjernar.

Meir om Bøgdakvelden i Driva onsdag