-Det var kjempeartig! seier Petter Bjørnbekk frå Sunndalsøra. I går kveld fekk han ein fin laks på 5 kilo i sone 1, rett ved utløpet til elva.

-Eg skulle eigentleg ikkje fiske, berre gå ned til elva og sjå om eg kunne sjå noko laks. Det vart til at eg tok eit par kast, og der satt den! Eg skal flytte frå Sunndal snart ,så det var artig å få med seg denne opplevinga før eg drar, fortel Petter. Noko personleg rekord utgjorde laksen ikkje, Petter kan skilte med drivalaks på 6,2 kilo frå tidlegare år.

Petter er ikkje aleine om bra fangst, fiskebørsen er positiv lesing. I dag har det til dømes vorte teke ein laks på 4,9 kilo på Sjølandsstrømmen, i går vart det teke ein kludd på 4,1 kilo i sone 1.

Petter var ikkje den einaste gladlaksen i sone 1 i går.

-Då eg fekk laksen var det fleire i same sone som hadde fått fisk, fortel Petter.

Trass ein elendig start har årets seong teke seg opp. Den største laksen som har vorte teke så langt tok sluken til Einar Mæhle på Villabyøran. Den var på 12,8 kilo. Det har vorte teke 8 laks over 10 kilo så langt.