Surnadal kommune kunngjorde i dag at den gamle brannstasjonen på Surnadalsøra skal leggast ut for sal. Sist dei gjorde det, i 2011, enda det med at dei ga brannstasjonen vederlagsfritt til fotograf Nathan Lediard, trass eit bod på 51 000 kroner frå firmaet Vect AS. Vect AS ville nytte bygget til oppbevaring av køyretøy. Kommunen grunna avgjerda med at dei ville oppmuntre til ytterlegare verdiskapning på Surnadalsøra.

Dårleg stand

Brannstasjonen var og er i dårleg stad – det er rekna at omkostningene for å pusse opp bygget vil vere på heile 33 millionar kroner, så det var ikkje noko lite prosjekt Lediard tok på seg.

Det blas opp til heftig debatt rundt bygget då Øra vel gjekk ut i media og fortalde at dei hadde støtta Lediard søknad om overtaking av brannstasjonen utan å vite om at det fantest eit anna tilbod. Det heile enda med at Lediard sa frå seg det store bygget.

Sia har brannstasjonen mellom anna vorte nytta til scene under Øratrall.

Spesialområde

Surnadalsøra er regulert til spesialområde når det gjeld bevaring av bygningar på grunn av si høge kulturhistoriske og arkitektoniske verneverdi. Brannstasjonen inngår som eit sentralt element i verneområdet.

-Tilbydar må dokumentere framtidig bruk av bygningen i tråd med dette, noko som vil bli tillagt stor vekt ved vurdering av tilbod, står det på kommunens nettsider.

Freistar livet med eigen brannstasjon? Tilbodsfrist er 20. august.