Ei kvinne i 20-åra vart lettare skadd då bilen hennar køyrde av vegen ved FV65 ved Mauset i Surnadal. Politiet meldte om ulykka klokka 07.38 i dag.

-Kvinna, som har adresse Rindal, har vorte sendt til St. Olav med lettare skader. Ho var omtåka og naudetatane på stedet fekk ikkje svar på om det hadde vore fleire i bilen, så det vart leita i området etter evt. fleire skadde. Det har no vorte bekrefta at kvinna var aleine i bilen, fortel Aron Tonning på politiets operasjonssentral.

Det må ha vore ei dramatisk hending, bilen ligg på taket på eit jorde, eit godt stykke frå vegen.