Kven tykkjer du fortener ei raud rose?

– Det er vel mange det, men eg vel å gje den til Rolf Arne Berg. Gjennom alle åra sidan korslaget i 2010 har han dirigert koret VOX med stort tolmod. No sluttar han som dirigent, og vi har avslutningskonsert for han 28. april. Billettar er lagt ut, og Rolf Arne fortener verkeleg ei rose for innsatsen med å bygge opp koret.

Kva sak i dagens nyheitsbilde opptek deg mest?

– Eg finn det skremmande å sjå den retninga som Sylvi Listhaug tek og det ho står for, og ikkje minst at ho faktisk får støtte for det synet frå så mange.

Korleis ser draumehelga di ut?

– Påskehelg i Kudalsstuggu i Vindøldalen held eg høgare enn både 17. mai og julekvelden. Alle helger vi får på hytta er draumehelg for meg. Det er berre så roleg og avslappa.

Du vinn to millionar kroner. Kva vil du bruke pengane til?

– Eg vil nok sette av litt til startkapital for ungane til vaksenlivet. Elles kan eg gjerne betale ned litt lån og til slutt ein ferietur til Kroatia og Dubrovnik ... der delar av Game of Thrones er spela inn.

Kva årstid likar du best, og kvifor?

– Eg veit ikkje om eg har noko spesiell favoritt blant årstidene eg. Eg trivst med å stå på ski i alpinbakken om vinteren, men også å gå fotturar i fjellet om sommaren. Seinsommar og tidleg haust er ekstra fin for fjellturar då, men alt i alt tykkjer eg vi er heldige som bur i eit land der vi har alle desse årstidene.