Det regna ein del, men det gjorde ikkje noko. Dei rundt 60 førskuleungane sytte for god stemning på Åsen bygdemuseum lell. Dei unge museumsgjestane var fulle av under over alt dei fekk sjå og høyre, og spørsmåla hagla.

–Men kor er dinosaurane? var eitt av spørsmåla Maja Frønes, avdelingsleiar ved Surnadal museum, fekk.

Før i tida

–Ungane er i full aktivitet heile dagen. Vi har seks forskjellege stasjonar der ungane kan gjere forskjellige aktivitetar, som til dømes rim og regler,

vedarbeid, omvising på museet og matlaging. Dei får lære korleis folk hadde det før i tida, kva dei gjorde og korleis dei budde, fortel Maja Frønes.

Utflukta er eit samarbeid mellom Åsen bygdemuseum og Surnadal kommune.

–Poenget med utflukta er at førskuleungane som skal gå i klasse saman i skulen til hausten vert betre kjent. Det er fyrste gong vi er her på Åsen, men ikkje fyrste gong vi har ein slik utflukt. Dei siste sju-åtta åra har vi vore på Kårvatn, men det er artig å dra til ein ny plass. Ungane har det artig, og tykkjer til dømes det er utruleg merkeleg at folk ikkje hadde TV før i tida, fortel Gerd Bodil Sæterbø, einingsleiar ved Bæverfjord barnehage. Ho legg til:

–Målet for framtida er at sin slik utflukt skal verte ein fast tradisjon.

Fann ungane dinosaurar på Åsen? Korleis kan ein sjå at eit hus er gamalt? Få svar på dette og meir i Driva på fredag.