Helga vart begivenheitsrik på vêrfronten for oss Nordmøringar, det var alt frå solgløtt til hagl. Og meir spanande sommarvêr vert det. I går ettermiddag sendte meterologisk institutt ut eit OBS varsel om dårlege køyreforhald i fjella - grunna snø! Dette gjeld i heile distriktet og i enkelte område heilt ned i 700 meter.

Håp er det lell, denne veka vert det litt betre, med sjanse for solgløtt på tirsdag, onsdag og fredag. Laurdagen ser bortimot strålande ut (etter forhalda å rekne), med ein del sol og temperaturar opp mot 16 grader.

God sommar!