Alle norske politifolk har fått mellombels løyve til å bære våpen. Løyvet har vore aktivt i åtte månader no.

Førre veke kom våpenbruken til politiet i fokus etter at eit vådeskudd vart avfyrt i Stavanger. Tysdag kveld kunne avisa VG fortelje at noko liknande hadde skjedd på politistasjonen i Kristiansund i april i år.

Politiets fellesforbund har i lang tid kjempa for at politiet skal få gå med våpen, og argumenterar med at det vert tryggare for både tenestpersonar og publikum.

-Politiets fellesforbund har ei haldning om at vi ønskjer ei generell væpning, seier Arne Hunnes, lokallagsleiar for politiet i Nordmøre og Romsdal til NRK.no.

Politiet vil ikkje kommentere hendinga i Kristiansund i og med at saken er under etterforskning.