I dag har sola vore framme og kyssa mang ein vinterbleik nordmøring. Men frå i morgon vert det nordmørssommar att. Langtidsvarselet går i grått.

Den neste veka vert grå i heile distriktet, med temperaturar frå 9 grader. Den høgaste temperaturen som er meldt i løpet neste veke er 19 grader (i morgon på Sunndalsøra). Men ikkje så ille at det ikkje er godt for noko! Vi får ein mjuk overgong i morgen, det vert solgløtt og heilt ok temperaturar, rundt 17 grader.

Det var mange som naut solstrålane i dag, det var yrande badeliv i heile distriktet. På Kalkstranda fekk ein oppleve kor tøffe surnadalingane er, sjølv då det vart overskya og kaldt i 16.30 tida var folk liggjande, og fleire heldt fram med å bade ei god stund.