Teaterstykket Askelotte har det meiste: ein skummel drage med enno skumlare såpeboblar, ein fanga prins og ei modig jente. Stykket startar med at prinsen vert fanga av dragen, og det vert opp til Askelotte å redde han.

Publikum frå Holten barnehage fulgte godt med på det spanande eventyret.

-Ja, eg tykte det var artig, fortel ein av publikummarane, og legg til:

-Og ikkje skummelt i det heile tatt.

Konteinerspel

Eva Gikling og Yvonne Cathrine Senn i Krokus produksjonar står bak oppsetninga. Heile eventyret utspelar seg i ein konteiner. Stykket har vorte spelt ei rekke gonger allereie, dei har vore på barnehageturnè i Sunndal sia i går.

Stykket slår an, også for ungane frå Holten barnehage. Men noko skal kritikarane alltid plukke på.

- Fyrstikkselgaren Askelott kjøpar fyrsikker av er ein bamse, og alle veit jo at bamsar ikkje kan sele fyrstikkar! protesterar ei i publikum.