Elinor Bolme skriv følgjande på nettsida todalen.no:

Fleire har i løpet av ettermiddagen vore i kontakt med Telenor, og dei kan melde om brudd på nokre basestasjoner i vårt område. Det er satt ei foreløbig rettetid til i morgon. Etter som redaksjonen har fått informasjon om, så skal dekninga vera ok utafor tunellen.

Kundeservice hos Telenor skriv til lettare irritert kunde frå Todalen: "Ikke noe utfall i selve Todalen, men ser vi har 1 basesasjon som står på Strengen og den er nede pga. strømproblemer. Denne dekker også innover Todalen, samt mot Surnadal. Mulig dette utfallet påvirker deg der du befinner deg. Rettetiden er satt til iløpet av morgendagen. Men helt innerst skal vi ha dekning".

Oppdatering:

Dagens befalsvakt  iSurnadal kommune, Tor Arne Moen, har no i kveld vore i Todalen og levert ein avSurnadal komune sine satelitt-telefonar til utrykningsleiar Ivar Bolme iTodalen brannnkorps. Ivar vil til bygda får tilbake telefonforbindelsen veremellomleddet for den som treng øyeblikkeleg hjelp av politi, brann ellerambulanse.

Satelitt-telefonen erstasjonert i Holbakken, og Tor Arne Moen oppfordrar alle med jaktradioar til åstille desse på kanal 1, for å komme i kontakt med Ivar som i nødsituasjon kanviareformidle til AMK-sentralen, 110-sentralen og befalsvakta i Surnadal.

Eit telefonnummer som kan veraverdt å notere seg, også ved seinare anledningar, er direkte nummeret til befalsvakta i Surnadal kommune :416 35388.

Skulle det være fleire grenderutafor Todalen som også er utan forbindelse, ber befalsvakta at dette blirvarsla om, slik at beredsskapen også der blir iverksatt. Tor Arne Moenoppfordrar at denne informasjonen no blir spredt til dei som ikkje er så flittigei dei ulike internettkanalane, slik at særleg eldre i bygda ikkje legg seg tilmed otte mot natta.