-Årets prisvinnarar har gjort ein kjempeinnstats gjennom turtilbodet Turer i Bøfjorden, og visar på mange måtar ein enorm turglede. Dei kvir seg ikkje for å overnatte ute, og for å få med seg andre ut, sa festivalgeneral Ragnhild Godal Tunheim før ho avslørte kven det var som hadde vorte årets æresvandrarar. Då familien Asbø vart ropt opp braut applausen laus.

-Det her var artig og uventa, sa ei strålande glad mor Bodil. Saman med mannen Bjørge og borna Hanna, Vegard, Ingrid og Harald tok dei stolt i mot den flotte vandrarstaven.

-Det er fyrste gong eg har vunne ein slik gjev pris, kunne Vegard fortelje.

Prisvinnarane symboliserar godt det Norsk vandrefestival fokuserar på i år: naturglede for born og unge. Det har slått an. På leirplassen på Mjølksanden i Bøfjorden spring born rundt, dei fiskar, leikar og padlar kajakk. Rundt 150 personar, mange av dei born, fekk med seg fetivallivet i dag.

-I år har vi eit noko anderleies konsept enn sist, istaden for å satse på konsertar og store kulturarragnement vert det familiedagar på leirplassen, fortel festivalgeneral Ragnhild Godal Tunheim.

Festivalen vert arrangert for femte gong.

Om du ikkje kom deg utover til Bøfjorden i dag er det ikkje for seint! I morgon står mykje spanande på plakaten, det er berre å ta turen!

Meir om Norsk vandrefestival i Driva onsdag!