Mange hadde tatt turen opp til Silsethytta, der det tradisjon tru var nysteikte vaflar, musikk og skileik for dei minste. For dei litt meir rastlause vart det arrangert konkurranse i både randonee og fjelltelemark. Håkon Kleerud Johannessen hadde beste tid i herreklassen i randonee under årets renn. Siri Bente Haugen var raskaste kvinne opp og ned på Indergardsnebba. Johannessen brukte under 1, 5 time på å gå opp og ned tre rundar, mens Haugen brukte 1 time og 20 minutt på sine to rundar.

I fjelltelemark er målet å komme seg ned frå Indergardsnebba til skihytta så fort som mogleg. Dagens desidert raskaste mann var juniorløparen Tor-Kjetil Alstad på tida 3 min og 40 sekund. I dameklassen vart Lene Marie Husvik raskast ned på telemarksski, på tida 4 min og 58 sekund. Begge to stilte for Eidsvåg idrettslag.