Sondre Svensli, (Gauldal SK) og Ole Bjørn Smisethjell (Molde CK) heldt stort sett følgje opp Finnsetlia og til Brønhøbrøstet. Men i bakkane nedover derifrå satte 18-åringen Ole Bjørn Smisethjell opp ei avsindig høg fart. Sondre Svensli klarte ikkje å henge på. Smisethjell kom derfor først i mål på Aursjøen etter det 30 km lange rittet på tida 1.10,16. Dette med eit forsprang på 34 sekund på Sondre Svensli som fekk 1.10,50. Like bak på tredjeplass kom Frode Kolstad med 1.10,56

Veret var ufyseleg med kald skodde og regn. Likevel virka humøret å vere på topp hos alle dei rundt 60 kalde deltakarane.

Løpsklassen opp sjølve Finnsetlia hadde 10 deltakere. Her var det utklassing av Jan Roger Hagen, Straumsnes, som vart klokka i mål med tida 39.44 på toppen av Brønhøbrøstet. Torbjørn Oppigard kom inn som andre på 46.06. Jørn Sorthe kom inn på tredjeplass med tida 46.54.

I mosjonsklassen var det 2 deltakere. Her var det Knut Inge Astad som først opp og fram til Aursjøen, mens Magne Falk kom inn bak.

Ja, det var også eigen klasse for el-sykkel. Den eine deltakaren heiter Svein Ove Nesje. Han starta 5 minutter etter aktivklassen. Opp Finnsetlia trakka han til med ekstra muskelkraft  og drog forbi sykkelistane og passerte som førstemann oppe ved Brønhøbrøstet.

Det er første gongen at Aursjøen Opp er arrangert. Sykkelfolket startar i Eikesdal, følgjer vegen opp den bratte Finnsetlia og med målgang etter 30 km ved Aursjøhytta. Løparane startar på Finnset og følgjer det meste av vegen opp Finnsetlia, men tar stien opp Brattbakken forbi tunnelen og har målgang på toppen, ca 950 moh ved Brønhøbrøstet.

Det er Eresfjord Idrettslag som er arrangør.