Statens kartverk gjorde først vedtak i namnesaka i 1991. Etter eit par ankerundar vart endeleg vedtak gjort av Klagenemnda for stedsnavnsaker den 25. januar 2005.

Vedtaket innebar at skrivemåten vart Bøvra, Bøverdalen, Bøverfjordsetra, Bøverfjordvatnet og Bøverfjorden, som eigentleg har vore dei offentlege namna sidan den gong. «Sommel» i statlege organ er nok hovudårsak til at det nye namnet i praksis ikkje har vore teke i bruk tidligere.

I vedtaksreferatet frå Klagenemnda går det fram at tidlegare vedtak gjort av Statens kartverk vart påklaga både av Surnadal kommune og lokale lag og foreiningar, samt grunneigarar. Blant anna står følgjande står å lese:

«Klagarane ønskjer skrivemåtane Bævra, Bæverdalen, Bæverfjordsetra, Bæverfjordvatnet og Bæverfjord(en). Det er lagt ved ei underskriftsliste med om lag 250 namn som støttar dette. Samstundes har Statens kartverk klaga på vedtaket som Surnadal kommune har gjort om skrivemåten av grendenamnet Bæverfjorden, og ønskjer Bøverfjorden i staden.»

Sterk folkevilje

Surnadal kommune viser blant anna til at skrivemåten med æ er godt innarbeidd og at det er ein sterk folkevilje bak dette ønsket, og påpeikar at namnet kan forvekslast med Bøverdalen i Oppland. Postverket uttala seg og, der dei skriv at Postverket ikkje har sterke meiningar i saka og vil rette seg etter folkeviljen og faglege vurderingar.

I Nemndas vurdering heiter det blant anna: «Når det gjeld uttalen av namna, finn nemnda det dokumentert at den nedervde lokale uttalen av førsteleddet i alle namna er med ø, og at denne uttalen framleis er i levande bruk. Dersom ein følgjer hovudregelen og tek utgangspunkt i denne uttalen, vil skrivemåten måtte bli med ø i førsteleddet, slik Statens kartverk har vedteke etter tilråding frå namnekonsulentane. Av sakspapira går det fram at ein uttale med æ òg er nytta, men dette må vere ein nyare uttale og gjeld først og fremst bruksnamnet og grendenamnet. Med omsyn til skrifttradisjonen er denne ikkje eintydig. Skrivemåten med æ har vore mykje nytta lokalt, men som namnekonsulentane peikar på, står skriftforma Bøverfjorden sterkt i offentleg bruk, til dømes på kart og i matriklar.»

Vedtaket er endeleg

Klagenemnda meiner at argumentet med fare for forveksling med Bøverdalen i Oppland ikkje kan tilleggjast vekt, da «likelydande namn er ein del av norsk namnetradisjon og sjeldan fører til problem.»

Gangen i slike namnesaker er i grove trekk at Språkrådet kjem med råd/forslag til Kartverket, som behandlar saka og fattar vedtak. Vedtaket kan klagast på, og om det er tvist i ei slik namnesak er det Klagenemnda for stedsnavnsaker som behandlar saka og gjer vedtak. Deira vedtak er endeleg. Klagenemnda er oppretta av kulturdepartementet og er ein uhilda klageinstans.

Kommunen eller lokale organisasjonar kan likevel be Kartverket om å ta saka opp på nytt, men da må det foreligge nye opplysningar i saka.

På Språkrådets nettsider kan ein lese meir om reglar for skrivemåten av stedsnamn, og om saksbehandlingsreglar.

Les også: – Helt borti natta!

og – Mister identiteten vår