Som smaksprøver frå boka fekk vi sjå kyrkjekunst som bøfjordingen Ole Kolset skapte både på Nordmøre og i Nordland på 1700-talet, for eksempel i Halsa, Bremsnes og Mosjøen kyrkjer.

Kyrkjereisene kunne by på både artige opplevingar og vanskar, som i 1864, da sjøisen dekte heile Stangvikfjorden og folk nytta seg av hesteskyss, skeiser og føter for å koma seg til kyrkja.

Glimt frå 1885-konfirmant Knut Aarnes si positive oppleving av presten Ebbesen var eitt av innslaga i kåseriet.

Til bygginga av Åsskard kyrkje i 1875 gjorde bygdefolket stor innsats både med pengeinnsamling og praktisk arbeid. Denne dugnadsviljen har også prega dette soknet i seinare tid, med måling av kyrkja, raking og rydding på kyrkjegarden og store innsamlingsaksjonar for å skaffe orgel.

Boka "Kyrkja i Åsskard - med historikk frå Stor-Stangvikgjeldet" viser mykje av dei lange kyrkjehistoriske linjene på indre Nordmøre. Slik var det eit fint innslag da Bjarne Røen synte fram ei av stoldørene frå korskyrkja i Stangvik (1784). Rikfolk betalte for avstengte familiestolar i kyrkjene, og det kunne bli rettssak dersom nokon sette seg i andre sin stol!

Bernt Bøe viste og ein del nære glimt av misjonsarbeid, barneforeiningar, trusopplæring, musikk og kulturarbeid i Åsskard sokn. Mellom anna har dei årlege Jonsvakene innehalde både teater (sogespelet "Olav den første", juledrama og påskespel) og store musikkframføringar.

Fleire kjøpte boka på museet. Ho blir no lagt ut for salg i fleire butikkar.

Tekst og foto: Randi Vetleseter Bøe