Av ymse grunnar vart det ingen basar i fjor – men viktigast er det at dette arrangementet noer i gang igjen. Veret var ikkje heilt på arrangørane si side denne gongen. Riktignok var det opphaldsver under størstedelen av arrangementet, men det mildt sagt elendige veret dagen i førevegen var nok med og reduserte talet på frammøtte ein god del.

Dei som var frammøtt gjorde derimot sitt ytterste for å halde stemninga oppe. Både ved hesteskokastinga, pilkastinga, og pil og bue-standen var innsatsen stor og konkurranseinstinktet på topp.

Matsalet gjekk og strykande – i tillegg gjorde Endre Nisja og Jon Ole Sande ein kjempejobb med sal av lodd på graut og vaflar.

Innandørs var et som vanleg eit innholdsrikt basarbord, der det etter kvart skulle trekkast ut mange, fine gevinstar. Nemnast kan ei gratis helg ved Alfheim, ein sykkel, fleire fine bilete, strikkegenser, strikkebolle, ymse slags bøker med meir.

Driva kjem med meir frå basaren i vår onsdagsutgåve.