DEBATT

- Vi må forsvare trafikkstasjonen vår

Bunadsgeriljaen har blitt ei masserørsle i protest mot sentralisering av fødeavdelingane. Det er veldig bra. Men sentraliseringa skjer også på mange andre område. No er det trafikkstasjonen det gjeld her.

Erling Outzen  Foto: Ingrid E

Nye artikler

Alt no er det til dels lang ventetid for å få tatt førarkort mange plassar. Med den foreslåtte sentraliseringa vil den bli enda lenger. Og tenk på kva kostnad i både tid og pengar det blir for dei som må fare langt for å ta «lappen».

Eg budde sju år i Bergen. Hadde ikkje bil, trong det heller ikkje. Det gjekk bussar minst kvart kvartér. Men når ein bur i distrikta er ein avhengig av bil. Folk som jobbar på Sunndalsøra, og bur for eksempel på Gjøra, eller i Ålvundfjord eller på Eidsøra – dei må ha bil. Og dei må ha førarkort. Ungdom som søker jobbar må oftast ha førarkort – det er eit krav i mange jobbar, og det er nødvendig for å komme seg til og frå jobb. Må dei vente i månadsvis for å kunne ta «lappen», og fare langt av stad for å kunne gjere det – kanskje meir enn éin gong, er det som å ta krokfot på dei i starten av arbeidslivet deira. Kor samfunnsøkonomisk er det?

Har konsulentar og byråkratar tenkt på dette? Ser ikkje slik ut. Dei har andre «føringar», ser det ut til. Vil regjeringa og stortingsfleirtalet tenke på dette? Eg tvilar, når ein ser på den sentraliseringspolitikken dei driv på alle område. Men no må vi seie klart ifrå at NOK ER NOK. Vi godtar rett og slett ikkje dette. Vi må protestere, så hardt og skarpt vi kan. Eg reknar med at ordførar Refstie er einig med meg i dette, og inviterer han og kommunestyret til å vere med på å gjere slikt vedtak:

Sunndal kommunestyre protesterer på det skarpaste mot forslaget om å legge ned trafikkstasjonen på Sunndalsøra. Vi krev at regjering og storting avviser forslaget om sentralisering av trafikkstasjonane. Vi krev at dette landet igjen skal ha ein distriktspolitikk. Vi krev at det skal vere muleg å ta førarprøver på Sunndalsøra også i framtida.

Erling Outzen (SV)