Tre departement på befaring på Raudsand 15. oktober

Sørheim ut for å bli habil

Kristin Sørheim har meldt seg ut av «Giftfritt Nesset», og stiller som representant for den politiske leiinga i fylkeskommunen på departementets Raudsand-befaring.

STILLER: Kristin Sørheim (Sp)representerer fylkeskommunen på møtet.  Foto: Sigmund Tjelle

Nye artikler

(Romsdals Budstikke) Det er reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand som kan opne for etablering av deponi for farleg uorganisk avfall, som er tema for befaringa. Planen vart som kjent vedteken av kommunestyret i Nesset i vår, men på grunn av motsegner frå nabokommunane Gjemnes, Sunndal og Tingvoll samt frå fylkeskommunen, ligg no planen hos kommunaldepartementet for endeleg avgjerd.