Full fart i sommervarmen

Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta Opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020 laurdag.

Etter målgang i Ræta Opp delte Ingvild Kårvatn sjølvsagt ut premiar heilt etter smittevernsreglane.  Foto: Stig Husby

Nye artikler

Tekst og foto: Stig Husby.

Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen, som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på Bordholmen.

For mange er høgdepunktet løpet «Ræta Opp», som samla rundt 100 deltakere i alle aldre. Deltakarane var med og støtta «sykehusklovnene» og deira arbeid på barneavdelingane på fleire av sjukehusa rundt omkring i landet.

Aller først ut til start var «Mini Ræta», som er løpet for dei aller minste. Dei sprang ein runde rundt banen på bordholmen, medan dei andre deltakarane sprang 3 km.

I år gjekk inntekta av Ræta opp til Sykehusklovnene. Ingvild Kårvatn, Lars Sæter og Knut Bergli testar ut klovnenasene medan die heldt kontroll på deltakarane.  Foto: Stig Husby

«Ræta opp» passar for alle, og til start var det dei som hadde store ambisjonar om ny løyperekord, medan andre tok dette som ein fin spasertur. På grunn av smitteverntiltak så vart det i år delt opp i 4 startpuljer som starta med 1 minutts mellomrom.

Av smittevernhensyn vart det i år delt opp i 4 startpuljer i Ræta Opp.  Foto: Stig Husby

Løypa går over Halsabrua og vidare i retning Halset – ræta heilt til topps, før dei returnerar tilbake til Bordholmen.

Leiar i Todalen IL og speaker Nils Ove Bruset.  Foto: Stig Husby

Veret viste seg frå sin alle beste side på Todalsdagen i år, og for mange av deltakarane vart det nok ein svett etappe opp bakkane i Ræta. Ved målgang var det ialefall mange som hadde teke ut alt av krefter dei hadde.

Vinnaren av Ræta Opp i år vart Erik Kårvatn på ei sterk slutttid 11.05.

Dagens raskaste var Erik Kårvatn, som vann Ræta Opp på tida 11:05.  Foto: Jo Gjeldnes

Ellers var det både loppemarked, straffesparkkonkurranse, grilling og mykje anna.

Les meir om årets Todalsdag og sjå mange bilete fra dagen på todalen.no