Surnadal kommune:

- No får vi større forsyningar med koronavaksiner

Denne veka og neste veke får Surnadal kommune større forsyningar med koronavaksiner frå BioNTech/Pfizer. - Vi oppfordrar alle som får SMS-innkalling om å bruke den digitale bestillingsløysinga c19.no, skriv kommunen i ei pressemelding.

Marianne Hansen Røv klargjer vaksine. De neste vekene kjem det fleire dosar enn nokon gong.  Foto: Surnadal kommune

Nye artikler

- Nokre personar i gruppe 3 (75 - 84 år) gjenstår og blir kalla inn til vaksinering denne veka og neste veke. Det blir sett 162 doser den 9. april og 186 doser den 16. april. Storparten av desse vaksinene går no til gruppe 4. Dei som er i gruppe 4 er aldersgruppa 65 - 74 år, samt enkelte personar 18 - 64 år med sjukdommar som er dokumentert med forhøga risiko for alvorleg forløp ved covid-19. Dei dette gjeld blir automatisk kalla inn til vaksinering parallelt med dei andre i gruppe 4, skriv kommunen.

Kallar inn på SMS

Kommunen skiv vidare:

- Dersom du tilhøyrer risikogruppa 18 - 64 år og har fastlege i annan kommune, bør du kontakte fastlegen din og forsikre deg om at fastlegen har meldt frå til kommunen. Dersom aktuelt, ber du fastlegen din om å gi beskjed til vaksinekoordinator via vår Vaksinetelefon: 913 79 001.

SMS-innkallingar blir sendt ut fortløpande og vi ber alle besvare innkallinga raskt og hugse på å gi tilbakemelding også dersom ein vil takke nei. For å unngå kø på Vaksinetelefonen ber vi alle som kan om å bruke den digitale bestillingsløysinga c19.no, som opplyst på SMS.

På kommunens nettsider om koronavaksinering finn du ei informasjonsbrosjyre som beskriv korleis du enkelt bestiller time til vaksinering på c19.no. Ikkje bry deg om at det står Kristiansund kommune når du loggar inn med ID-porten på c19.no. Du veljer deretter Surnadal kommune, fyller inn personalia, fødsels- og personnummer, samt mobilnummer og får oppgjeve tidspunktet ditt for vaksinering.

Det går fint an for pårørande å logge seg inn med sin eigen elektroniske ID og bestille på vegne av andre. Har du ikkje mulegheit sjølv eller manglar pårørande til å hjelpe deg med å bestille digitalt, kan du ringe Vaksinetelefonen vår. Ver obs på at det kan vere kø på telefonen.

På c19.no er det kun muleg å endre tidspunkt for vaksinering same vaksineringsdag. Ein kan ikkje endre dato. Dersom du av gode grunnar ikkje kan møte på tildelt dato for vaksinering, må du ringe Vaksinetelefonen for å bytte dag.

Koronavaksineringa 9. april og 16. april

- Vi vaksinerer framleis kun med vaksinetypen frå BioNTech/Pfizer. Det er 6 veker mellom første og andre dose. Det er vaksinering både i Svorkasalen og i Storstuå. Bruk den inngangen du har fått oppgjeve på SMS, når du kjem til Kulturhuset. Du vil bli vist til stolen din av frivillige vaksinevertar. Hugs å ha på munnbind og å ta med utfylt eigenerklæringsskjema.

Har du ikkje eigenerklæringsskjemaet, kan du laste dette ned frå informasjonsmenyen på kommunens nettsider om Koronavaksinering.

- Hugs at du ikkje er beskytta mot covid-19-infeksjonen rett etter at du har fått første dose med koronavaksine. Det tek eit par veker før immunsystemet er i gang. Ei veke etter andre dose, gir vaksinen frå BioNTech/Pfizer inntil 95% dokumentert beskyttelse mot covid-19-infeksjonen. Før du er fullvaksinert er du ikkje like godt beskytta mot sjukdom og kan også smitte andre. Det er difor viktig å fortsette å følge dei smittevernråda som helsemyndigheitene gir i tråd med gjeldande kunnskap om effekten av vaksinering, avsluttar kommunens pressemelding.