– Det har vore ein topp sumar for oss

Det så mørkt ut for Trædal Hotell og Turistsenter i slutten av juni. Heldigvis tok det seg kraftig opp i vekene som følgde.

Topp sumar: I juli og august har det vore fullt på Trædal hotell og Turistsenter. Det har mellom anna vore mange motorsykkelturistar buande på Trædalsbakken. – Fleire køyrer Aursjøvegen med motorsykkel, seier Jostein Trædal.  

Nye artikler

Jostein Trædal, som driv Trædal Hotell og Turistsenter saman med kona Astrid Mølsæter, skildrar våren som tragisk for hotellet, då fleire store arrangement vart utsett og nedskalert. Dette gjeld arrangement som Hydro Cup og framsyninga Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy som vanlegvis blir arrangert i juni.