Hundesenter i Bøfjorden:

Èit år med hundeterapi

Sarang Hundeterapi i Bøfjorden opna dørane i november i fjor med høgtideleg biting av snor ved hunden Rusky og matmor Jenny Klinge. Driva stakk innom for å høyre korleis ståa er etter èit års drift.

Maria Yoon Garthe og Sarang Hundeterapi i Bøfjorden kan feire 1 års-dag i desse tider.  Foto: Edvin Sættem Nessæther

Nye artikler

Utanpå ser det ut som eit heilt ordinært fjøs, men når eg sett foten innom døra openbarar det seg eit himmelrike for hundeeigarar og dyr. Det er fint og nytt og stilen er heimekoseleg med innslag av gamle ting frå garden som er bruka på nytt. Eg tenkjer med meg sjølv at her må det jammen være fint å være hund.