Publikum vart servert både munnspel, slagverk, piano, bass og gitar då 13 elevar frå Kulturskolen på Indre Nordmøre inviterte til sommarkaffekonsert torsdag kveld.

Linda Torvik og Lubomir «Alex» Aleksandrov losa dei om lag 40 tilskodarane trygt gjennom konserten, som vara i ein stor halvtime.

På repertoaret stod alt frå «Lofottorsken» og «Klovner blåser ballonger» til Beatles-slageren «Here there and everywhere» og bassgitardriven blues, så her var det noko for ein kvar smak.

– Viktig læring

Konsertansvarleg Linda Torvik var fornøgd med det dei unge musikarane viste på konserten:

– Det å tørre å stå på ei scene, som dei gjorde i dag, er ein viktig del av den læringa dei skal gjennom i kulturskulen. Vi ser at dei veks veldig på det, seier Torvik, som og var fornøgd med at fleire av musikarane introduserte seg sjølv før dei spelte.

– Ja, det er ein terskel i seg sjølv, så det er flott at dei tør. Vi samlar dei bak scena slik at dei vert ein gjeng før konserten startar, og dette gjer vi heilt bevisst for at dei skal føle seg tryggare. Det er veldig gledeleg å sjå at elevane, sjølv dei aller yngste, alle tør å stå på scena.

Meir å by på

Det at sommarkaffekonserten er vel gjennomført betyr ikkje at Kulturskolen på Indre Nordmøre tek sommarferie heilt endå.

Måndag er det åpning av kunstutstilling og nettrevy med ungdomsgruppa i drama i Surnadal kulturhus, medan kunstutstillinga i Rindal åpnar dagen etter. Torsdag er det uteforestilling med dramagruppa i Halsa, før sommarsemesteret vert avslutta med danseforestillingar i Storstuå 16. og 17. juni.