Dagens kåsør er atter bok-aktuelle Einar Oterholm – no med «Halsa vidaregåande skule». Kjøkenet serverer sodd og kaffe. Ein modell av Shetlands-skuta «Arthur» dukkar også opp.

Kvar søndag (kl. 13-17) fram til 16. september byr museet på ein variert program-meny. Utover sommaren kan ein få med seg «Dykkeropplevelser» med Nils Aukan, «Fjorddag» med sundbåten Framnæs, «Bunadkunst» og musikk med Ole Kristian Gundersen, språk, gardshistorie, mystiske hendingar, «Primstav og merkedagar», tønneproduksjon, hobbydag, «Hus på flyttefot» og ymse anna.

Museet har alt hatt mange besøkande denne våren. Laurdag 9. juni var Melhus Hagelag innom. Sist måndag hadde 9-klassingane frå Surnadal sin årlege historietime i det maritime miljøet.

Bøfjorden Historielag har på  vegner av alle lag i bygda også gjeve ut sommarguiden «Opplev Bøfjorden» med eit halvt hundre arrangement denne sommaren.