Filmbyrået har blanda Surnadal med Sunndal – og dermed rekk ikkje «Hotell Transylvania 3» fram til fredagskvelden framsyning i Surnadal og blir først vist laurdag og søndag.

- Det er ekstra synd når ein veit at 31 allereie har planlagt å bruke fredagskvelden på «hotellet». Desse vil få tilbod om å sjå denne eller ein anna film seinare. Dei må i tilfelle ta med seg billettane dei har kjøpt og bytte desse i nye. Er det ferierande som ikkje får til dette, vil kinoen finne ei anna løysing, opplyser Steinar Hasselø .

Filmen blir no vist laurdag 14.07 kl. 1400 og 1630 og søndag 15.07 kl. 1530 (og uti neste veke).

- Dermed blir det berre ein film fredag 13.07; premiere på «Skyscraper» (15 år) med Dwayne Johnson/The Rock. «Ganske underholdende», skriv Aftenposten, for dei som likar, ja, slik actionfilm.

Ekstraforestillinga av «Hotell Transylvania 3» på laurdag gjer at «Skyscraper» først blir vist igjen på søndag (annonsa i Driva fredag blir difor feil).

«Sicario 2: Soldado» blir vist for siste gong søndag 15.07 (kl. 2030). Dette er hardbarka action der handlinga er lagt til grensa mellom Mexico og USA. Det gjer også filmen aktuell, sett ut frå kva fokus denne grensa har fått med Trump som president – og kor kynisk den ulovlege grensetrafikken kan vere. God er filmen også!