Held konsert i Stangvik

Torsdag kveld inviterer Magnhild Frydenlund Brøske og Sylvie Vucic til konsert i Stangvik kyrkje.
Kultur

Dei to bur og jobbar i Paris. Magnhild er frå Stangvik og har utdanninga si frå Griegakademiet i Bergen og Musikkonservatoriet Versailles. Sylvie er russisk og har utdanning frå Moskva og Rouen.

Dei tek oss med på ei musikalsk reise med svenske, franske og russiske songar, som handlar om livet, døden og kjærleiken! Vi får høyre musikk og song av Sibelius, Tchaikovski, Debussy, Poulenc og Grieg! Konserten lengde er rundt 55 minutt.