Bjørn Austigard med ny bok om lokale tradisjonar og historier:

- Drivkrafta er å sikre verdifull lokalhistorie for ettertida

– Ein museumsmann frå Lillehammer sa til meg at han meiner eg ser ut som ein såmann for kulturhistorie på bokomslaget. Det synest eg var treffande og godt sagt!

Tresking: Bjørn Austigard er oppteken av å gje vidare kunnskap om tresking og gamle reiskaper. Foto: Jonny Bratset, Romsdalsmuseet. 

Kultur

Han har skreve bortimot eit par hundre artiklar i årbøker og jubileumsbøker. Årsskriftet til Romsdal sogelag har han vore redaktør for sidan 80-talet, og han sat ein liten mannsalder i redaksjonen for Romsdalsmuseet si årbok. Bjørn Austigard har halde tallause foredrag og kåseri om folkelege tema som levevis, byggeskikk, folkeminne, mat, handverk, kyrkjekunst osv. Dei fleste emna han har skrive om, har han også kåseriversjonar av. No har han samla ein god del av det han sjøl kallar for "etterrakst" etter nesten 50 år med samlararbeid, og boka fekk då tittelen "Sett og samla."