Stor interesse for seterkurs til sumaren

Astrid Uv Gravem fortel at dei har vald å halde to kurs på Inner Gammelsetra i Grøvudalen i sumar. – Viss det framleis er nokon som er interessert, bør dei gje beskjed med ein gong!

Minner for livet: Jenny Marie Jakobsen og Aisha Marie Heim på Inner Gammelsetra. I 2020 vart det verken kurs eller seteropphold. No har mange meldt seg på kurs til sumaren i år.  Foto: Privat (Arkivbilete)

Kultur

Nokon står på venteliste frå i fjor for å vere med på seterkurs i Grøvudalen i år, det er rett og slett eit veldig populært tilbod, får Driva høyre frå Astrid Uv Gravem.