Her kan du låne ski og anna turutstyr

Utlånssentralen er herved opna!

Alt du treng er eit lånekort eller å registrere deg hjå Sunndal folkebibliotek. – Vi vil leggje til rette for at barn, ungdom og familiar, uansett føresetnad, kan delta i ulike aktivitetar og at alle har like mogleiker, sa kultursjef Ole Magne Ansnes.

No kan ein låne turutstyr på Sunndal folkebibliotek: I dag vart kulturtenesta sin utlånssentralt offisielt opna. Det er Sunndal folkebibliotek som er ansvarleg for utlånet av utstyr, til å byrje med er det utstyr til friluftsliv ein kan låne. Frå venstre: Astrid Uv Gravem, Arne Drøpping, Torgeir Brun og ordførar Ståle Refstie.  Foto: Tina Fløystad

Kultur

Fredag vart utlånssentralen på Sunndal folkebibliotek opna – ordførar Ståle Refstie klipte den røde snora som Astrid Uv Gravem frå Sunndal Røde Kors og Arne Drøpping haldt mellom seg. Eli Ranheim frå Sunndal voksenopplæring var òg til stades, samt tilsette ved Sunndal folkebibliotek. Kultursjef Ole Magne Ansnes innleia opninga med å fortelje litt om kva kulturtenesta ønskjer å tilby med ultånssentralen, som er etablert i samarbeid med Sunndal Røde Kors og Sunndal voksenopplæring.