Fargerikt i Finstuå

Ny seier over koronaen: kunstutstilling i Finstuå, Surnadal kulturhus. Fargerike prikkar i regi av Coby Omvlee blir hengande til 7. mars.

PRIKKEPERIODE: Coby Omvlee stiller ut i Finstuå i Surnadal kulturhus.   Foto: Svein Sæter

Kultur

Opninga laurdag viste at det går an, sjølv med strenge tiltak mot smitte. Først samla 25 interesserte seg i kinosalen for sjølve opninga, deretter kunne fem og fem studere kunstverka etter å ha registrert seg ved inngangen til Finstuå.