Snart klart for jubileumsførestilling og boklansering:

Billettsalet har no opna

Surnadal Heimbygdlag har teke på seg å gje ut boka «Heittgjort», der revy- og teaterminne frå Surnadal er samla. Ein gjeng med revyentusiastar arrangerer jubileumsførestillinga i november, der boka blir lansert. Billettsalet til denne har no opna.

Snart klar: I god tid før jubileumsførestillinga 19. november skal boka med teater og revyminne frå Surnadal og vere ferdig. Surnadal Heimbygdlag, med leiar Trygve Roaldset i spissen, har teke på seg ansvaret for utgjevinga. Her flankert av revyentusiastane Øyvind Holte og Styrkår Brørs (forfattar av boka). 

Kultur

Billettsalet til jubileumsførestillingane i Surnadal kulturhus 19. og 20. november har no opna, og førebels er det lagt ut rundt 230 billettar til kvar av dei to.