Dette er namnet til det nye amfiet

Sundag var det offisiell opning av det nye amfiet i Leikvin kulturminnepark. Museumsstyrar Jarle Stavik og kultursjef Ole Magne Ansnes kunne endeleg avsløre kva amfiet skal heite.

Tauklipping: Tauet som vart klipt under avdukinga stod i stil med kulturminneparken og det nye amfiet. Kultursjefen sjølv klipte tauet.   Foto: Tina Fløystad

Kultur

Det var ikkje noko silkesnor kultursjefen klipte då han skulle avduke det nye amfiet i Leikvin kulturminnepark. Det var eit fint, hampaktig tau – som stod i stil med resten av kulturminneparken og amfiet som er pent bygd i tremateriale.