Konsert og haustbuffét:

Karstein Mauset med solokonsert på 3 venner

Karstein Mauset har vore vant til å ha proffe musikarar i ryggen når han har spela konsert. På 3 venner i Rindal komande fredag møter vi han åleine med gitaren, og 3 venner serverer sin haustbuffét.

Går solo: Karstein Mauset er vant til å ha garva musikarar i ryggen når han held konsert, men på 3 venner komande fredag blir det berre han, eit knippe gode songar og gitaren. 

Kultur

Det er Kafé 3 venner på Rindal sentrum som er vertskap, og som inviterer til buffét og konsert med Karstein Mauset fredag 24. september.