Nina Lykke i Surnadal og Rindal:

Frå nei til ja

«Nei og atter nei», skreiv Nina Lykke, og slo gjennom som forfattar. Tysdag kveld møtte publikum i Surnadal henne med «ja og atter ja». Og onsdag kveld sto Rindal for tur.

BOKKVELD: Nina Lykke gav publikum ei flott bokstund i Surnadal folkebibliotek, der Steinar Hasselø var vertskap.   Foto: Svein Sæter

Kultur

Romanen «Nei og atter nei» var ein suksess i 2016. Neste roman, «Full spredning», var meir enn det. Boka vann Brageprisen i 2019. Brått var Nina Lykke den mestseljande romanforfattaren i landet, og omsett til mange språk.