Som tema vil museet i Bøfjorden søndag 16.juli portrettere desse to jubilantane - med bilete, opplesing og livsskildringar.

Det meldar Bøfjorden historielag i ei pressemelding.

Kjent og ukjent om Hyldbakk

Hyldbakk er stadig på alles lepper som «Vårsøg-diktaren», men historielaget lovar å vise også ukjente trekk ved Kleivakongen.

Høyrt om radiotjuven Hyldbakk? At han vart arrestert av tyskerane? Om bokhandlaren som drog 50 mil – med kjelke?

«Pedagogjen» med forteljekunsten

Bjarne Megard var lærar (mest i Bøfjorden), familiefar, misjonsmann, kunstmålar, hobbydiktar og musikar. Ikkje minst er han hugsa som ein fantastisk forteljar.

Publikum får da også høre «Pedagogjen» personleg - via fargerike lydopptak med han, skriv historelaget.

Nora og Randi lovar at det som alltid blir kaffe og meir til å få kjøpt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.