Såg du for deg ein roleg fredagskveld? Vel, da bør du ikkje ta turen på kinoen. For Tom Cruise har allereie vore gjennom ein slåsskamp på togtaket i Romsdalen og kjørt motorsykkel uti lause lufta på Sunnmøre – og fredag (og søndag og onsdag) gjennomfører han stunta på nytt på kinoen. Mission Impossible – Dead Reckoning er valet for deg som er ute etter heftig action!, skriv kulturhusleiar Steinar Hasselø.

Disney/Pixar sin «Elemental» er tilbodet for dei yngre. Den går tysdag 18. og torsdag 20. juli.

Neste helg er det store kontrastar mellom premierefilmane Oppenheimer og Barbie.

Men sjølv om det er full spenning i kinosalen, er det også vanleg drift ved biblioteket. Opningstidene er fra 11.00 til 15.00 frå måndag til fredag, samt romsleg «bonustid» for dei som har meirope tilgang.

Elles minner vi også om opning av kunstutstillinga 12 prosjekter med lokalsamfunn på kulturhuset laurdag 15. juli- ei utstilling delt med Surnadal Billag kor dei opnar to timar tidlegare på laurdagen.