Forfattar Svein Sæter gleder seg over at boka no går ut til alle biblioteka i landet.

- Dette er eit trongt nålauge, og er eit kvalitetsstempel. Det er snakk om 1000 eksemplar, så vidt eg veit, og dei blir sendt ut til alle biblioteka i landet. For meg er det svært gledeleg at boka på denne måten når ut til lesarar i absolutt heile landet, seier Sæter.

Forlagssjefen i Samlaget, Håkon Kolmannskog, har sendt denne uttalen:

- Vi er svært glade for at Svein Sæters bok er kjøpt inn av Norsk Kulturråd. Innkjøpsordninga for sakprosa er ei selektiv ordning og det er berre dei beste og viktigaste bøkene som kjem gjennom nålauga. No blir bøkene til Sæter spreidde til alle norske bibliotek og dermed får langt fleire tilgang til denne viktige delen av norsk historie.