Det er meldt finver og alt ligg til rette for ei feiande flott 17. mai-feiring. Vi er heldige her i landet som har tradisjon for å feire nasjonaldagen med jublande folketog og ekte glede over fred og fridom. Altfor mange har ikkje den mulegheita. Vi lever i ei uroleg tid med store spenningar internasjonalt. Det er ingen sjølvfølge at vi her i landet kan feire nasjonaldagen slik vi gjer det. Det er slik viktig at vi framleis markerer frigjeringsdagen for ikkje å gløyme krigsåra og den innsatsen dei kravde av mange.

I onsdagens avis har vi ei oversikt over 17. mai-feiringa rundt om i distriktet. Det blir feiring nær sagt i alle bygder med flagg, tog og korpsmusikk. Musikkorpsa har ei spesielt viktig rolle på nasjonaldagen. Eit 17. mai-tog utan korpsmusikk blir ikkje det same som eit tog med korpsmusikk.

Norges Musikkorps Forbund rundar 100 år i 2018. I fjor haust kunngjorde daverande kulturminister Linda Hofstad Helleland at 2018 skulle få status som et offisielt «Musikkorpsenes år». Dei tusenvis av korpsmusikarane som i dag finn fram uniforma for å sjekke at alt er i orden til den store dagen, skal vite at dei blir sett pris på dit dei kjem.

Å vere med i korps er langt meir enn å sørge for taktfaste tonar på 17. mai. Det understrekar Ragna Mauset og Einar Sødergren i Surnadal Hornmusikk i Driva. Det har dei sjølvsagt rett i. Dei aller fleste korpsa har eit breitt repertoar, og imponerer i ulike samanhengar.

Det er likevel slik at for folk flest er musikkorpsa og deira innsats på 17. mai spesielt viktig. Dei bidreg til den gode stemninga vi alle føler på når vi tek på oss finstasen for å feire nasjonaldagen.

Gratulerer med dagen!