Eg er morfar til tre, og Martin, som er den mellomste av dei, vart konfirmert i Øre kyrkje på Kristi Himmelfartsdag. Ei fullsett kyrkje starta konfirmasjonsgudstenesta med å synge nettopp den flottaste vårsalmen eg veit om. Teksten til Elias Blix er like aktuell kvar vår.

Etter ein kald og isete vinter er det ekstra grunn til å gle seg over våren i år. Årstida har fått ein god start med nokre fine og varme dagar. Allereie på ein av dei første dagane i mai kunne vi ta i bruk utestua på verandaen heime. Eg håper det blir mange slike dagar framover våren og sommaren.

Dei ulike årstidene er noko av det som gjer det så flott å bu i Norge. Den kaldaste vinteren kunne nok dei fleste av oss gjerne ha sloppe unna, men også vinter og snø har sin sjarm. Kva hadde vel Norge vore utan vinteridrett og oppkøyrde skiløyper.

Eg likar å gå på ski og fekk fleire turar enn det eg vanlegvis gjer i vinter. Eg går på mine enkle turski som vart kjøpt på sportsforretninga Haarberg i Eidsvåg for ein del år sidan. Dei fungerer godt, men kanskje slår eg til med meir moderne «felleski» til komande vinter.

Det er eigentleg vanskeleg å svare på kva årstid som er den beste. Svaret vil variere frå person til person. Våren og sommaren er nok favorittårstida for dei fleste.

Mor mi treivst best om våren og sommaren. Ho nynna ofte på songen «Du skal ikkje sova burt sumarnatta», oppe grytidleg som ho var i den lyse årstida. Sjøl har eg også stor sans for hausten. Haustdagane med sine fargar i naturen er flotte. Eg finn god avkopling i å gå ein og annan turen på jakt. Litt bærplukking høyrer også med.

Våren og forsommaren er alltid litt ekstra travel på arbeid. I Driva har vi tradisjon for å gje dei mange festivalane som skal gå føre seg i distriktet vårt god omtale. Neste helg er det Vårsøghelg der Driva i samarbeid med Vårsøghelga i mange år har invitert til Drivadebatt. I år er det sosiale medier og deling av nakenbilde som er temaet. Mia Landsem er mellom dei fremste her i landet til å spore opp kven som deler, og kva konsekvensar dette kan få for dei som blir utsette for slikt. Ho kjem for å fortelje om dette.

Årets debatt er i samarbeid med fylkeslaget av Norske Kvinners Sanitetsforening med Elinor Bolme i spissen. Vi håper det blir fullt i Svorkasalen, fredag 25. mai. Temaet er aktuelt både for unge og vaksne. Ikkje minst foreldregenerasjonen vil ha nytte av å møte opp på kulturhuset i Surnadal neste fredag.

I går kunne vi alle gle oss over ein flott nasjonaldag. Det fine vêret bidrog nok til at det var mange lange 17. mai-tog og god stemning.

Finvêret ser ut til å fortsette også i helga.

God helg!

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det.

D G C

Då skal vi vandra i saman der ute

Hm EM C Am D G Am

under dei lauvtunge tre,