I staden for at det er kommunen og fellesskapets interesser som er dei sterkaste i vurderinga av om hotellets skjenkeønske skal få ekspandere over gata og inn på kulturhuset, er det hotellet som får det politiske fleirtalet på si side. Det synest å skje ei «hotellifisering» av fellesskapsarenaen, til fordel for kommersialismen og alkoholen. Slik utvikling finn vi i dagens samfunn dessverre på mange område.

På møtet i Rusforebyggingsgruppa God Helse i Møre og Romsdal, som hadde møte i Molde 25/5, vart framtidige arbeidsoppgåver drøfta. Helseføretaket – som er ein viktig deltakar i gruppa – var tydeleg på at det er nødvendig å styrke forståinga for «regulatoriske virkemiddel» i ruspolitikken, slik det m.a. er uttrykt i Folkehelseinstituttets rapport om folkehelseprofilen 2018 for Surnadal:

«Dei viktigaste førebyggande verkemidla som kommunane har til rådvelde for å avgrense alkoholforbruket, er å avgrense talet på sals- og skjenkestader og innskrenke sals- og skjenketidene. Forbruket går ned og omfanget av skadane blir redusert dersom talet på sals- og skjenkestader blir redusert og sals- og skjenketidene blir innskrenka»

Men det politiske fleirtalet ser kanskje ikkje noko behov for å halde rusmiddelforbruket nede og å redusere rusmiddelskadene i kommunen?

Barn og unges stemme i alkoholdebatten?

Samtidig som det bør vere kjent for lokalpolitikarane og veljarane i Surnadal at rusforbruket i kommunen alt er nokså høgt, og at ungdom i kommunen også ligg blant dei i fylket med forholdsvis høgt forbruk av rusmiddel, er det likevel både nasjonalt og lokalt større grunn til uro over forbruk og holdningar blant dei vaksne og eldre. Det er elles eit tankekors med dagens vektlegging av barn og unges medråderett at synspunkt frå Ungdomsrådet og ungdomsorganisasjonar ikkje synest å ha blitt innhenta eller vurdert i debatten om alkohol på Kulturhuset. Men vi legg sjølvsagt merke til at SPs ungdomspolitikar synest å tale mot, men røystar for alkohol på kulturhuset   (jf  m.a. Trollheimsporten 25/5).

Avisreferata frå alkoholdebatten i Surnadal tyder elles på at ikkje alle enda har klart for seg at dersom rusmiddelforbruket skal ned, må rusfrie arenaer vernast og styrkast, og alle grupper redusere sitt forbruk – også dei som definerer seg som «måtehaldsfolk». Vi lever sosiologisk, det vil seie at vi alle – som foreldre, besteforeldre, arbeidskollegaer, fritidsleiarar, lærarar etc. – er med og påverkar holdningar og forbruk. Men det burde vere vel kjent at barn og ungdom er ekstra sårbare når rusmiddelforbruket stig, og at alkoholen også i stor grad var «elefanten i rommet» i mange av metoo-sakene.  Derfor er det etter mitt syn ekstra trist å sjå at så mange representantar frå arbeidar-rørsla totalt synest å ha gløymt erfaringane til Oscar Nissen, Martin Tranmæl, Werna og Einar Gerhardesen, Gitta Jønsson, Guttorm Hansen, Ragna Sofie Karlsen og mange andre i den rørsla.

Eivind Hasle

6650 Surnadal